Om Valldal The Adventure Valley
I Valldal er vi opptatt av kva vi kan få til i lag, til glede for gjestane våre og alle som bur her. På denne måten skaper vi liv i bygda og heile nærområdet.
Mangfald, samarbeid og meistring
Vi har mykje å by på, og det er vår styrke at vi stiller med ulike eigenskapar og perspektiv. Det er viktig å hjelpe kvarandre til å lykkast. Samtidig skal vi skape positiv energi på vegen mot våre felles mål:
- Vi skal alle vere godt vertskap og hjelpe til med å skape gode, berekraftige opplevingar i det eventyrlege fjordlandskapet vårt.
- Valldal skal vere ein stad å kome tilbake til, ein stad for minneboka.
Valldal
Våren er full av vakker fruktblomstring, snødekte fjelltoppar og strie elver. Sommaren smakar av den søtaste jordbæra, dei friskaste bringebæra og fjella byr på storslagen utsikt for den som vil gå både kort og langt. Hausten ber med seg frukt og grønt frå verdas nordlegaste kommersielle frukthagar på Linge, og naturen byr på ei fargesprakande framsyning i eit herleg klima. Vintermørket blir lyst opp av mange tusen julelys i julegata vår, og minner oss om at sola snart er på veg tilbake. Vi står klare for å gje deg gode opplevingar året rundt.
Valldal er spesielt godt plassert langs nasjonal turistveg midt mellom Trollstigen og Geiranger, rett ved verdsarvfjorden Tafjorden, nasjonalparken Reinheimen og Tafjordfjella. Ein time unna ligg jugendbyen Ålesund, og berre ein kort ferjetur unna ligg Strandafjellet og Sunnmørsalpane.
Nettverket
Vi er eit nettverk av lokale bedrifter som tilbyr spennande opplevingar, aktivitetar, overnatting og lokal mat i nydelege omgjevnader. Vi er stolte av å kunne gje våre gjestar minneverdige opplevingar av høg kvalitet.