Meretes Garden

Hos oss bur du komfortabelt i telt med god seng og dyne, populært kalla glamping. Omgjeve av vakker natur ved elva Valldøla, sovnar du til lyden av elvebrus. Benytt deg gjerne av vår vedfyrte badstove medan du nyt utsikta til fjella og let roa senke seg. I eit drivhus med utsikt til ein japansk hage kan du vere med på morgonyoga før ein enkel frukost ventar på deg. Heile konseptet er basert på å la naturen med si helande kraft omgje deg med fuglekvitter, rennande vatn, rein frisk luft, tre og blomar slik at du etter endt opphald vil kjenne deg meir levande og opplagt, klar for nye eventyr.

Booking, prisar og opningstider finn du meir om på Meretes Garden side sine eigne nettsider.

meretesgarden.no

Dagsspa

De kan bestille yoga, sauna, massasje og forfriskningar utan overnatting. Vi skreddarsyr gjerne eit opplegg for små og store grupper. Ope heile året.

Glamping

Vi har store fine bomullstelt innreia som førsteklasses hotellrom med komfortable senger og dundyner, populært kalla glamping. Du bur enkelt, stilfullt og søv tett på naturen omgitt av vakker natur. Her er til saman 5 telt med gode pusteeigenskapar, vanntette og regulerer temperaturen godt. Ope frå midten av mai og ut september.

Book overnatting her