Uteguiden

Uteguiden tilbyr eit bredt spekter av aktivitetar for små og store grupper året rundt: turar med faste avgangar og skreddarsydde aktivitetar for individuelle, utdrikningslag, bedrifter og vennegjengar. I dag ynskjer folk å ferdast trygt i naturen og Uteguiden tilbyr guiding, utstyr og opplæring for å gi deg ei unik naturoppleving kombinert med topp service! Vi har base både i Valldal, på Stranda og i Ålesund.

Booking, prisar og opningstider finn du meir om på Uteguiden side sine eigne nettsider.

uteguiden.com/valldal

Sommar

Dei spenningssøkande kan delta på rafting ned elva Valldøla og juving i Gudbrandsjuvet. Søker du stillheit og ro og ynskjer å kome tett på fjorden, er ein kajakktur på ein urørt UNESCO-verdsarvfjord å anbefale. Det finns også ei rekkje alternativ til både korte og lange fjellturar med spektakulær fjordutsikt. Vi har turar som passar både for familiar, par og grupper.

Vinter

Fjella i og rundt Valldal ligg gøymde og urørte og fleire toppar ligg på over 1700 meter over fjorden. Her er turar for alle, enten du vil gå alpint og langt – eller lettare og mindre kvasse toppar. Alle guidane er lokalkjende, har solid kunnskap om trygg ferdsel i vinterfjellet og gjer alt for å gje deg den beste opplevinga til fjells.
Og likar du ikkje så stå på ski kan kanskje ein trugetur vere tingen for å oppleve det flotte vinterlandskapet som omringar oss.

Kontakt oss så lagar vi eit skreddarsydd turopplegg for deg og din gjeng basert på dykkar motivasjon og ferdigheiter.