Kulå Bowling

Midt i Valldal sentrum, med både inne- og utservering, finn du oss med gode tilbod på mat, drikke og bowling heile året. Du kan velje i vår pizzameny eller ein signaturburger frå «Go2Grill-konseptet» vårt. Sjølvsagt har vi barnemenyar og om sommaren også «Barnas bar» med utval av is og snacks.

Booking, prisar og opningstider finn du meir om på Kulå side sine eigne nettsider.

kula.no

Bowling og andre spel

Vi har fire bowlingbaner og arrangerer blant anna bedriftsbowling og discobowling, men vi legg til rette for alle type grupper som ønsker ein venleg konkurranse eller berre nyte enkel aktivitet i godt selskap. I spelehallen vår tilbyr vi biljard, air-hockey og fotballspel.

Mat og drikke

Vi tilbyr ein stor meny både med pizza, burger og andre rettar. I tillegg har vi bar med alkoholservering. Gå rett til menyen vår her. Om sommaren kan det vere ganske fullt hos oss, så bordbestilling er tilrådd, spesielt om de er mange. Alle rettane våre kan leverast som take-away.

Arrangement og events

Kulå er ein populær arena for bursdagar og sosiale arrangement for lag og organisasjonar. Valldal er eit eldorado på sommaren og Kulå arrangerer årleg store utedansar og andre events som karaoke, quiz og «barnas dag». Vi kan skreddarsy pakkeløysingar i lag med våre samarbeidspartnarar i The Adventure Valley.