Valldal Aktivitetspark

Den koselege og kjekke familieparken med god plass for klatring og aktivitet finn du i Valldal – The Adventure Valley!
Her kan vi freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott. Ta turen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving.

Booking, prisar og opningstider finn du meir om på aktivitetsparken sine eigne nettsider.

valldalaktivitetspark.no

Familiar

I Valldal Aktivitetspark er alt lagt til rette for at også dei minste skal ha det kjekt. Vi har klatreløyper tilpassa alle aldrar og barn ned til 2 år. I Tunet har vi og eit eige hoppeland med hoppepute, hoppeslott og bagjump i tillegg til leikeområdet vårt med leikestativ og sandkasse.

Firma og grupper

Vi sett opp eigne pakkar for bedrifter, og for ein komplett dag i parken kombiner gjerne klatring med ein lagkamp og avslutt med eit felles måltid rundt grillen. Vi tek imot grupper på forespurnad både i og utafor parkens ordinære opningstider.