Sommarferie i Noreg – På topp moderne Glamping Camp med Luksus Spa & Sauna

Er draumen ein heilt spesiell feriebolig til sommaren? Å bo i Glamping Camp i Norge er nok ein av dei mest uforgløymelege feriar du kan gje deg sjølv. Glamping bryt alle kvardagens vanar slik at du får den ferien du har behov for.

Meretes Garden er ein feriestad og ein Glamping Camp i Norge med høg komfort og velvære i fokus. Heile sommaren tilbyr vi nærande opplevingar for kropp og sjel. I tillegg til spa og finsk sauna kan du booke yogatimar, massasje og vandretur med mindfulness.

Sommerferie i ein Glamping Camp er luksus-versjonen av ein teltferie. De bor og overnattar i store bomullstelt innretta med små bord, lys, flotte tregolv og tepper. Mjuke senger og varme dyner sikrar dykk den gode nattesøvnen, uansett vèr og temperatur.

I Glamping Campen kan de fritt benytte vore moderne og hyggelege felleskjøkken. De kan lage varm mat og spise inne i kjøkkenet eller ved borda utafor i hagen. Om kvelden kan de tenne grill og bål, nyte skumringa og eit glas vin under open himmel. Eller de kan sete dykk inn i saunaen som er klar til å gje eit kvart spahotell bakoversvei. Saunaen varmar vi opp på ekte finsk vis. Det vil seie med bjørkeved. Den reinsande varmen kan de nyte med full utsikt til høge fjell på andre sida av elva som renn forbi campen.

Kva er ein betre start på dagen enn morgonyoga?

Der er fleire fordelar ved Glamping mot tradisjonell overnatting

Glamping er for de som vil prøve noko nytt og nyte godt av alle dei fordelane som naturleg følgjer med når ein er tett på naturen. Som du kan lese, byr dei store moderne glampingtelta på så høg komfort at dei er eit supert godt alternativ til tradisjonelle ferieboligar i sommarferien. Det er ingen ting som opphald og bevegelse under open himmel som kan få skuldrane til å senke seg heilt ned. Som gjest kan ein høyre til gruppa av naturglade menneske, men ein kan også her kome til å lukte på friluftslivet for første gong – i trygge rammer.

Vi deler gjerne nokre tips til deg som glampar for første gong

  • Ta med litt varmt nattøy som f.eks. ullundertøy
  • Tidleg vår og sein haust kan også ei lue vere lurt å ta med.
  • I Norge er det lange lyse netter og småfugl som kvitrar om morgonen. Dessutan renn ei praktfull elv forbi campen. Det er nettopp desse naturelementa som gjer at mange elskar kome hit og dessutan søv ekstra godt! Men er du lys- eller lydømfindtleg kan ei augemaske og øyreproppar godt bli med.

Ein populær feriestad og getaway. Idéelt for par, familiar og grupper

Campen har gode tilbod om meditation, yoga og spa, og har gjort Meretes Garden til ein populær stad, særleg for dei som søker velvære. Fasilitetane er av høg estetisk kvalitet, krydra med ei avslappande feriestemning. I tillegg er Valldal den perfekte ramma når ferien skal vere ein ekte getaway. Vi får ofte besøk av mindre grupper på gjennomreise som gjerne vil overnatte. Nokon er her for ei helg. Andre bookar lenger opphald. De vil sikkert kome til å møte gjstar frå heile verda her.

Merete har skapt ei oase av velvære – i drivhuset frå eit gamalt gartneri

Kjenner du atmosfæra i eit eldre drivhus? Har du merka lyset gjennem glas som gavmildt veltar inn i rommet? Og merka den rustikke fornemmelse av gamle dagar? Som feriegjest i Meretes Garden får du full adgang til det gamle drivhuset som no er forvandla til japansk hage. Mose, fisk i dammen, springvatn som piplar og plaskar – ein stad ein kan sette seg og meditere, eller berre vere til. Det er også her Merete underviser i yoga om sommaren. Med utsikt til himmelen, kik gjennem glastaket når du ligg på yogamatta.

Her kan de lese mykje meir om: Meretes Garden

Tips til ein aktiv ferie – for eventyrlystne feriegjestar

Aktivitetar og sjåverdigheiteter – Valldal har fleire tilbod som er verdt å prøve medan de er her:

  • Paddleboarding, kajak, rafting i sjø og elv: Uteguiden Valldal
  • Bowling og pizza. Det er også ein slags mosjon: Kulå Bowling
  • Bruk kroppen og balansen i Valldal klatrepark: Valldals Aktivitetspark
  • Bli imponert over eit av europas berømte fossefall: Gudbrandsjuvet

Valldal sentrum ligg cirka 4 km frå campen og turen dit er ei opplagt mulegheit for ein frisk gåtur. Elva har det travelt med å nå fjorden, og byr på vakker natur heile vegen.

Kulinariske opplevelsar for mage og sansar i Valldal sentrum

  • Unik mat og barista kaffi ved kaia – med utsikt til fjorden: Khaya Barista Bar
  • Heimelaga is og handplukka jordbær til dei søte dagane: Gutta Krutt iskrem bar

Kontakt oss, vi hjelpe gjerne med å planlegge sommarferien i Norge!