Romantikk i haustlufta i Valldal

Ta med deg kjærasten til ei romantisk helg i vakre Valldal og nyt ro, tid til kvarandre og god mat.

Lyst til å overraske kjærasten med ei helg der romantikken får lov til å blomstre? Velkommen til Valldal! Senk skuldra, nyt frukostkaffien og tid til å vere berre to. Her er våre beste tips til kjærasteturen i Valldal.

Blåtind

I ei idyllisk dalside mellom Stordal og Stranda finn du Blåtind Boutique Hotel. Eit lite familiedrevet hotell med 20 rom og suiter. Blåtind Boutique Hotel er perfekt for gjester som ønsker ein fredeleg gøymestad. Nyt god mat, unik atmosfære og varm jacuzzi.

Valldal Fjordhotell

I sentrum av Valldal finn du Valldal Fjordhotell med nydeleg fjordutsikt og god atmosfære. Her kan du og kjærasten vakne opp til ein nydeleg frukost med mange kortreiste matvarer og ta ein kopp kaffi i den nye stua med panoramavindauge mot fjorden. Etter at de har vært ute og opplevd det Valldalen har å by på, passar det godt å avslutte dagen med ein god middag i restauranten vår.

Yoga og sauna hos Meretes Garden

Besøk Meretes Garden for kvilepuls, velbehag og avslapping. Her kan du nyte sauna, enten på ein av dei open saunakveldane Merete arrangerer, eller om du leiger Gullåna badehus sjølv for ein kveld i ro og fred. Om du vil kan Merete skreddarsy eit arrangement der du veljer mellom yoga, mindfullness, sauna, massasje og matservering.

Sykkeltur gjennom eplehager

Lei syklar frå Uteguiden og sykle ein tur gjennom dei vakre frukthagane. På hausten bognar dei av herleg frukt klar for hausting.

Fjelltur

Valldal og området rundt byr på mange fine og godt merka fjellturar. Her er tips til fine fjellturar. Viss du vil ha ein skreddarsydd tur for deg og ditt følge? Uteguiden hjelper deg gjerne med å planlegge og guide deg opp til toppen.

Action?

Typen som fort blir rastlaus og gira på litt meir action? Ingen fare, det har vi også. Kva med litt juving over Valldøla? Juving handlar om å flytte seg gjennom eit elvejuv og kan gjerast på ulike måter. Vi har satt ei unik løype som byr på balansering på tau, hopping ned i juvet, kliving, zip-line og svømming!

Juvinga skjer like ved Gubrandsjuvet, omlag 15 km frå Valldal sentrum i retning Trollstigen. Vi held oss i eit parti av elva der vatnet renn roleg gjennom spektakulære formasjonar i fjellet. Vi startar lengst oppe i juvet og går nedover.