Fem fine haustturar på fjellet i Valldal

Gløym fluger, klegg og altfor varm sol. Velkommen haust og tida for dei aller finaste turane på fjellet.

Ja, det er fint å gå på fjellet på sommaren, med sine lange dagar og lyse, milde kveldar. Men jammen byr hausten på magiske fine stunder på fjellet også. Framleis varmt og mildt, og lyst ganske lenge. Farger som blir sterkare og sterkare for kvar dag som går. Lufta som frisknar til og jagar vekk insekta som er ferdig med årets innsats.

Valldalen med sitt gode og lune klima er eit nydeleg utgangspunkt for turar på haustfjellet. Her er våre fem beste tips til fine turar å ta når hausten kjem.

Mefjellet via Ruggå

Turen til Mefjellet er ein middels lang tur i variert natur og i eit område som få andre har oppdaga. Turen går gjennom opent kulturlandskap med fleire utsiktspunkt mot fjorden og mot Valldalen. Undervegs møter du på Ruggå, ein flyttblokk frå istida. På toppen av Mefjellet er det panoramautsikt mot fjordar, fjell og daler.

Du kan og velje å stoppe på Ruggå. Turen hit er lett og familievenleg.

Uteguiden har guida turar til Mefjellet

Syltefjellet – Vika 606 moh

Syltefjellet ruvar rett opp frå sentrum i Valldal og ser utilgjengeleg ut ved fyrste augekast. Når ein fyrst har kome opp har ein ei flott fjordutsikt, og du ser rett ned på Valldal. Syltefjellet har ei spennande historie, og det er no planer om å bygge eit kloster til minne om Heilage Olav på toppen. Turen er aller finast som ein rundtur, og du kan gå frå både Valldal og Vika. Med ein godt merka sti passer turen for dei fleste. Du kan og ta turen som ein sykkeltur frå Valldal via Fjørå til Ytterli, med ein kort spasertur frå Ytterli til Syltefjellet. Elsykkel kan du leige hjå Uteguiden.

Trollkyrkjebotn 1123 moh

Lyst på ein skikkeleg motbakketur? Med over 1000 meter stigning byr Trollkyrkjebotn på en flott tur i eit spesielt landskap. Turen undervegs er variert der du startar nede i den frodige Valldalen, beveger deg gjennom kulturlandskap og opp i eit karrig høgfjell med flott utsikt. På toppen kan du gå innom ei steinhytte bygd med forvitra og oransje olivin-stein. Ei unik og spesiell hytte. Vil du ha mindre motbakke er det også muleg å følge merka sti frå Hauge i Fjørå.

Turbeskrivelse på Morotur.no

Vardefjellet 893 moh

Vardefjellet er ein ganske lett topptur som gir god utsikt til bygdene og fjella kring Norddalsfjorden og Stranda kommune. Fin som kveldstur i solnedgang over Sunnmørsalpane i vest, eller som søndagstur med familien.

Ormula 1418 moh

Ormula er den ultimate turen i Valldal for den som vil ha ein lang og bratt tur. Turen startar i Valldal sentrum og går vidare i motbakke heile vegen til toppen. Dette er turen for deg som ynskjer ein tøff tur som ikkje så mange andre går, men med nydeleg utsikt heilt ut til havet. Etter turen passar det godt med noko kaldt å drikke på Valldal Fjordhotell, medan du ser opp mot toppen du var på for berre nokre timar sidan.