Naturen som konferansesal i Valldal

Bygg lag med kollegaene dine med unike naturopplevingar i Valldal. Fjelltur, adrenalin i klatreparken eller kvilepuls med yoga er perfekte avbrekk frå eit fagleg spekka kurs eller konferanse.

Valldal er det naturlege utgangspunkt for den neste konferansen eller strategisamlinga. Bygg lag med kollegaene dine i opplevingsbygda vår, før du nyt god mat og faglege samtalar på Valldal Fjordhotell

Med fjorden som næraste nabo

Valldal Fjordhotell er ein perfekt base for kurs og konferanse midt i hjartet av Valldal. Hotellet har fantastisk utsikt over Norddalsfjorden og Syltefjellet. I den nye salongen med vindauge frå golv til tak kan du nyte god mat og ein kaffikopp mellom dei faglege øktene på møterommet.

Hotellet har 40 dobbeltrom, møterom, nydeleg mat og god, lun atmosfære.

Pusterom for kropp og hovud

Lange konferanse- og kursdagar blir meir inspirerande og motiverande med ei avkopling. Ein fjelltur i frisk natur, adrenalin i klatreparken eller kvilepuls med yoga er perfekte avbrekk, og gir det lille ekstra til den gode kursdagen du har planlagt for deltakarane.

Her kjem nokre forslag til aktivitetar du kan legge inn i konferanseplanen di.

Yoga

Etter ein dag med mykje tankeverksemd, er det godt å la tankane sleppe og få strekt på kroppen. Meretes Garden er eit idyllisk velvære- og retreatsenter som tek imot grupper for yoga, spa og sauna. Senteret ligg midt i den vakre naturen med nydeleg hage og uteplass. Merete skreddarsyr gjerne eit opplegg etter dine ønske.

Naturopplevingar til fjells eller fjords

Uteguiden tek deg med tur og tilbyr eit breitt spekter av opplevingar tar for små og store grupper året rundt. Om du vil padle kajakk, sykle, rafte, klyve på ein fjelltopp, eller kaste deg utfor eit juv, så vil våre erfarne guidar skreddarsy turen for deg.

Eit godt tips er å leige el-syklar av Uteguiden og sykle ein tur i bygda. Legg turen til Linge for eit besøk til dei mange og vakre eplehagane. Nyt synet av dei blomstrande frukttrea og den vakre fjordutsikta.

Valldal Aktivitetspark

Aktivitetsparken ligg idyllisk til langs elva litt oppe i Valldalen. Her kan vi sette opp ei passande opplegg for deg og dine kollegaer. Klatreløypene er delt opp i ulike vanskeligheitsgradar og høgder slik at alle finn passande utfordringar til sitt eige nivå. Lag eit enkelt grillmåltid på grillen for ei sosial og avslappande stund saman. Vil ein vekke konkurranseinstinktet så har vi ein lagkamp med fleire øvingar som foregår på bakken. Ein artig måte å bygge lag og relasjonar utanfor kontoret sine fire veggar.

Valldal sentrum

Valldal sentrum er sjarmerande og innhaldsrikt. Berre ein kort gåtur unna hotellet ligg det butikkar, kafear, bowling og escapelabyrint.

Valldal har noko for alle, enten du vil ha spenning eller artig lagbygging med kollegaer og kursdeltakarar. Valldal Fjordhotell kan hjelpe deg med å skreddarsy ein kurs- og konferansepakke med aktivitetar for deg. Kontakt oss om du vil ha hjelp til din neste kursoppleving i Valldal.