Julegata i Valldal
Vår eiga Skomakargate er ei nydeleg sentrumsgate pynta med lys og fylt med liv frå slutten av november til over nyttår.
Julegata pynta opp med lys på alle hus og tre har blitt ein tradisjon i førjulstida i Valldal. Å rusle gatelangs i den opplyste og trivelege gata er heilt spesielt, og ei oppleving mange reiser langt for å få med seg.
Julegateopning
I slutten av november blir julegate opna med god mat og underhaldning frå lokale krefter.
Første helga i advent er det tid for julemarknad med bodar både innandørs og utandørs. Her er det store moglegheiter for å gjere unna ein stor del av julegåvehandelen. Denne helga blir det også fleire konsertar på Valldal Sentrum Scene.
Førjulshelg i Valldal
Kva med å ta ei førjulshelg i Valldal for ekstra god julestemning? Her er tips til kva du kan gjere i tillegg til å besøke julegata:
- Overnatt og et god mat på Valldal Fjordhotell.
- Et pizza og bowle på Kulå Bowling.
- Starte skisesongen? Viss du er heldig er kanskje skisesongen godt i gang allereie, lei ein guide frå Uteguiden og bli med på tur.
- Sauna og eit isbad på Meretes Garden
Velkommen til Valldal for ekstra god julestemning!