Julegata i Valldal
Vår eiga Skomakargate er ei nydeleg sentrumsgate pynta med lys og fylt med liv frå slutten av november og heilt over nyttår.
På veg inn i Valldal ser du ho – det er ikkje til å unngå. Gata ligg lett tilgjengeleg for alle som vil besøke ho, og berre det å gå gjennom den er ei oppleving i seg sjølv.
Jul i Skomakergata
Julegata, med lys på alle hus og tre, har blitt ein kjær tradisjon i førjulstida.
Både lokale og tilreisande tek turen hit for å rusle mellom lysa, kjenne stemninga og nyte ei stille og vakker førjulsstund i hjartet av Valldal Adventure Valley.
Førjulshelg i Valldal
Kva med å ta ei førjulshelg i Valldal for ekstra god julestemning? Her er tips til kva du kan gjere i tillegg til å besøke julegata:
- Overnatt og et god mat på Valldal Fjordhotell.
- Et pizza og bowle på Kulå Bowling.
- Starte skisesongen? Viss du er heldig er kanskje skisesongen godt i gang allereie, lei ein guide frå Uteguiden og bli med på tur.
- Sauna og eit isbad på Meretes Garden
Velkommen til Valldal for ekstra god julestemning!
