Familieferie i Valldal
Nyt kvalitetstid, opplev naturen og ver aktiv saman med familien på camping i Valldal i sommar.
Planlegger du Norgesferie med familien i år? Perfekt! Velkommen til Valldal – The Adventure Valley!
Camping med familien er ein spesiell og fin måte å vere saman på, samtidig som du kjem tett inn på naturen. I Valldal kan du glampe i store telt med gode senger og mjuke, varme dundyner medan du søv i frisk luft, omslutta av alle elementa. På Meretes Garden vaknar du opp til fuglekvitter og elvesus i landlege og vakre omgjevnader.
Rafting i elva
Tidleg på sommaren er eit eventyr i elva det perfekte neste stopp. På denne tida av året er elva full av smeltevatn frå fjella og klar for å ta i mot deg og gjengen din på ein raftingtur nedover bølgjene med ein trygg flåte. Uteguiden sine guider tar deg med på tur, og legg opp turen etter kva du og din gjeng ønskjer. Deira familietur spesiallaga for familier, og dobule fun raftingtur for dei meir spenningssøkande som har rafta tidlegare.
Viss du vil, kan du hoppe i vatnet og la bølgjene føre deg nedover elva, alt medan guiden passar på og står klar for å hente deg inn att. Mot slutten av turen nedover elva, stoppar båten ved elveleiet for litt påfyll med saft og nysteikte sveler.
Reiser du til Valldal på seinsommaren, er det også mulig å bli med familiejuving. Ein kjekk og spennande elveaktivitet i Gudbrandsjuvet.
Utfordringar for alle aldrar
Etter ei god natt søvn og ein god frukost passar det godt å ta turen til Valldal Aktivitetspark like oppe i vegen. Her kan du slenge deg over same elva du sovna til susen av natta før, utfordre høgdeskrekken, leike og kose deg i mange timar.
I parken finn du utfordringar og aktivitetar for alle aldrar, med klatreløyper for barn heilt ned til 2 år og famileløyper der vaksne kan klatre saman med barna. I tillegg er det hoppeslott og hoppepute for dei minste, og hoppetårn for dei litt større ungane. Du kan ta med egen grillmat i dei fine fasilitetane for grilling, og i kiosken kan du kjøpe is, brus og kaffi.
Påfyll
Etter mykje aktivitet og mange inntrykk er det på tide å fylle opp med energi. Ta gjerne med gjengen din og nyt ein god pizza eller gourmetburger på Kulå bowling, ein naturleg møteplass i sentrum av Valldal. Her kan du også utfordre familien til eit slag bowling. Kven stikk av med tittelen som familiemeisteren i bowling?
I tillegg til bowling kan du spele biljard, airhockey og fotballspel. På sommaren inviterer dei til ein stor utekonsert i bakgården. Kulå har ein samarbeidspartnar i same bygg og saman kan vi lage eit spennande tilbod med bowling, escape labyrint og sjølvsagt felles mat til slutt.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller om du vil ha eit skreddarsydd opplegg for din familietur til Valldal.