Valldal – den perfekte staden for klasseturar

Opplevingar utanfor klasserommet gjev samhold og eit betre læringsmiljø. Legg klasseavslutninga til Valldalen og vel mellom mange unike og spennande aktivitetar.

Vi i Valldal The Adventure Valley er ekspertar på å skape opplevingar, og har laga eit unikt tilbod for skuleklassar som få andre kan slå.

Eventyr i elva

Rafting er ein sikker vinnar for barn og ungdom! Vi tilbyr rafting frå mai til juli, der vi har ein 4 timers raftingtur for dei som går i 9.klasse og eldre. I tillegg kan dei som går i 7.klasse og oppover vere med på ein litt kortare familietur. Du treng ingen erfaring og må heller ikkje å vere supertøff for å bli med.

Lær om fjordane

Opplev fjorden i kajakk og lære meir om fjordlandskapet, korleis dei blei skapt og korleis det har vore å leve her gjennom historia. Padling er ein inkluderande aktivitet som gir meirstring og ny kunnskap. Kajakkturen kan også leggast opp som eit kurs der vi fokuserar på padleteknikk og tryggleik som også gir deltakarane våttkort-bevis.

Bowling, pizza og Trolldungeon

Med superdigg pizza, ein runde bowling og spenning i escapelabyrint, kan ettermiddagen eller kvelden bli ei nytt høgdepunkt i programmet. Hos Kulå Bowling kan ein også spele biljard, air-hockey eller fotballspel dersom ein framleis har igjen energi etter ein innhaldsrik dag.

Lær om Tafjordulykka og vannkraftproduksjon

Ville Krefter i Tafjord kan du lære og oppleve den spanande historia om kraftproduksjonen til Tafjord Kraft, og lære om den tragiske Tafjordulykka i 1934, i tillegg til kva som blir gjort i dag for å ha kontroll i andre utsette fjellparti som Mannen og Åkernesremna.

Klatring og moro i Valldal Aktivitetspark

Ein dag i Valldal Aktivitetspark er eit veldig populært tilbod for skuleklassar som ønsker ein sosial og aktiv dag saman. Dykk kan starte dagen med klatring og zip-lining i klatreparken der elevane får utfordre seg på sitt nivå i løypene. Deretter blir det felles grilling og litt avslapping før ein avsluttar dagen med ein artig lagkonkurranse med ulike samarbeidsøvingar.

Overnatt i Valldal

Overnatting i lavvo, glampingtelt, hytte eller hotell? Moglegheitene for overnatting er mange i Valldal.
Vi set gjerne saman ei pakke med både aktivitet og overnatting til di klasse, frå ein til fleire dagar.