Topptureldoradoet Valldal

Ikkje sei det til nokon, men i Valldal er det flust av lange, fine fjellsider med uspora snø.

Toppturar på ski har blitt allemannseige, og på mange stader rundt om i landet må du opp ganske så tidleg for å få første sporet ned att. Men her i Valldal finst det framleis mange gode moglegheiter for å kome både først til topps og først ned att – og samtidig ha ein god og roleg morgon.

Fjella i og rundt Valldal ligg gøymde mellom Sunnmørsalpane og Romsdalen med sine urørte toppar på over 1700 meters høgde. Her er turar for alle, enten du vil gå alpint og langt – eller lettare og mindre kvasse toppar.

Uspora snø i Valldal

Dette gøymde skiområdet har spektakulære fjordar og fjell, det er snøsikkert og du møter få andre grupper på tur. Alle toppane byr på ei magisk utsikt, og fantastiske nedkøyringar oftast i heilt uspora snø.

Husk å ta alle forhaldsreglar når du er ute på tur. Vurder skredfare, vêrmeldinga og eigen form. Viss du er usikker på kor du skal gå eller korleis du best skal vurdere før du legg i veg, bruk gjerne ein lokalkjent guide. På den måten er du sikra ei trygg og god oppleving til fjells.

Lokalkjende guidar

Alle guidane er lokalkjende, har solid kunnskap om trygg ferdsel i vinterfjellet og gjer alt for å gje deg den beste opplevinga til fjells. Du kan vere med på både korte og lengre dagsturar, og du kan og få skreddarsydde helgeturar for deg og din gjeng.

Ta kontakt med Uteguiden for ein prat om topptur og leige av guide.

Turtips

Her finn du ei liste over dei mest populære toppturane i området rundt Valldal. Forbered deg godt før du legg ut på nokon av desse turane, både på veival, skred- og vêrforhold.

  • Berdalsnibba 1343 med start frå Lingåsen
  • Mefjellet 1100 eller Blåfjellet 1605 med start frå Hauge i Fjørå
  • Gjerdsegga 1140 med start frå stadion på Omenås
  • Geitfjellet 1132, Svartfjellet 1317 eller Topp 1249 i Ystebotn med start frå Myklebust
  • Sandfjellet 1216 eller Høghornet 1464 frå Gudbrandsjuvet

Sjå også Dei fem beste vårskiturane rundt Valldal