Dei fem beste vårskiturane rundt Valldal

Etter ein lang og snøfylt vinter, kan vi nyte lyse dagar på ski langt utover sommaren på Sunnmøre. Valldal er eit nydeleg utgangspunkt for fine vårskiturar i urørt natur. Her er våre fem beste tips.

Fjella i og rundt Valldal ligg gøymd mellom Sunnmørsalpane og Romsdalen og er så godt som urørt, med toppar heilt over 1700 meter over havet. Her finn du alt frå alpine toppar med bratt skikøyring, til snillare og lettare fjell. Uansett val får du magisk fjordutsikt og unike naturopplevingar. Nyt fine svingar i fin vårsnø, kjenn solstrålane som treff deg – og er du heldig, finn du og tørr og fin pudder i nordsidene.

Hegguraksla / Blåfjellet 1602 moh

Ein populær topptur i nærleiken av Valldal med start frå Hauge over UNESCO-fjorden Tafjorden. Du må nok rekne med litt bæring av ski i starten mot Nysætra, men betre fjordutsikt skal du leite lenge etter! Turen er perfekt å gå på ettermiddagen, og let deg nyte nedkøyringa i solnedgang.

Grøtet 1519 moh

Grøtet er definitivt verdt kvar einaste sveittedrope til toppen. Turen er forholdsvis lang for ein nybegynnar og er anbefalt på seinvinteren og våren. Toppen ligg majestetisk til over Storfjorden og Synnylvsfjorden med 360 grader utsikt over Indre Sunnmøre. Nedkøyringa i ope terreng med panoramautsikt. Du kan køyre ned både nordsida og sørsida, eller velje å gå turen som ein rundtur med start frå Rønneberg og nedkøyring til Kilsti.

Berdalsnibba 1344 moh

Start frå Lingås og gå setervegen mot Klovsetsætra. Frå midten av mai kan du køyre opp bomvegen. Med nydeleg fjordutsikt fortsett turen oppover bjørkeskogen og til Klovsetsætra 540 moh, ei fantastisk fin seter det er verdt å ta turen innom berre for å nyte utsikta. Turen går vidare oppover og bakover langs rygg til Berdalsnibba. Nedkøyring same veg, med same fine utsikta.

Høgstolen 1739 moh

Ein krevjande vårskitur der du går frå grønt landskap gjennom gamle stølar opp til eit fjellandskap med mykje snø og som regel godt skiføre. Det er ein krevjande tur der du også går på bre undervegs. Her er riktig vegval, rett utstyr og vurdering av skredfare veldig viktig. Turen kan også gåast som ein lang overgangstur frå Omenås til Nestestølen. Uansett kva du vel, er dette ein av dei flottaste turane i området!

Ringshornet 1532 moh

Med start like før toppen av Trollstigen, er dette eit perfekt alternativ langt utover våren. Hit kan du køyre opp når vegen over Trollstigen er brøyta. Før den opnar kan du kome opp til startpunktet med el-sykkel som du kan leige hjå Uteguiden. Spektakulær utsikt og luftig på toppen! Du har fleire fine alternativ både på veg opp og ned.

Usikker på vegval? Lei ein erfaren guide til skituren!

Våre guidar er lokalkjende og har solid kunnskap om trygg ferdsel i vinterfjellet. Dei gjer alt for å gje deg den beste turopplevinga til fjells. Vi tilbyr både korte og lengre dagsturar, og i lag med våre dyktige guidar skreddarsyr vi gjerne ein tur eller ei helg i Valldalen etter ditt ønske.

God tur!

Topptur med Uteguiden