Topptur
Velkomen til eit «hemmeleg» og ukjent område for toppturar. Spektakulære fjordar og fjell, snøsikkert, og få andre grupper på tur i området.
Området rundt Valldal er eit eldorado for toppturar med fantastiske nedkøyringar, nydeleg utsikt, og store opplevingar. At området er lite kjent, er ein bonus for deg som ynskjer fjellet for deg sjølv og uspora snø.
Med vår lokalkunnskap, og dine ynskjer og føresetnadar skreddarsyr vi gjerne ein tur eller helgeopphald ilag med deg.
Toppturar på ski
Har du lyst til å prøve deg på topptur og oppdage eit område perfekt for toppturar? Ynskjer du å oppleve storslått natur med fjordar og fjell i verdsklasse? Då er ein topptur i dei indre delane av Sunnmøre perfekt for deg!
Fjella her inne og rundt Valldal ligg gjømt og urørt, med toppar som strekk seg over 1700 meter over fjorden. Her er alpine topper og lange turar, men også meir runde og lettare tilgjengelege toppar, perfekt for nybegynnaren på topptur. Her kan du kjøre på ski med den beste fjordutsikta, i urørt snø og i dei tryggeste rammene Sunnmøre kan by på. Alt ligg til rette for store naturopplevingar med fjell, fjord og urørt snø som hovedattraksjonen.
Våre guidar er lokalkjente, har solid kunnskap om trygg ferdsel i vinterfjellet og gjer alt i deira makt for å gi deg den beste opplevinga.
Topptur heil dag

Pris frå kr 5000,- per guide
Dette er turar som tar deg med til dei ultimate toppane som gjerne er litt lenger å gå til. Turane er lang som krev at du er i god fysisk form og har erfaring med toppturar med randonee/snowboard frå før. Turen kan også gjerast med utgangspunkt i Strandafjellet Skisenter eller Arena Overøye, med fokus på enten tur eller heisbasert skikøyring.
Nokon av dei mange aktuelle områda/turar er Berdalsnibba, Grøtet, Jolgrøhornet og Høghornet.
- Varighet: 6-8 timer
- Stigning: 800 – 1300 høgdemeter
- Lengd: 6 – 12 km.
- Vanskelighetsgrad: Middels – Krevende