Dei beste badetipsa i Valldal

Du angrar aldri på eit bad, seiast det. Er du einig? Her er tips til dei beste badeopplevingane i Valldal!

Nokon badar aldri, andre badar ved eit kvart høve. Dette er definitivt artikkelen for sistnemnde.

Tafjord Friluftsbad

I Tafjord rett ved Valldal, ligg Tafjord Friluftsbad med oppvarma symjebasseng for både store og små. Tafjorden er omkransa av bratte fjellsider og gjer at det ofte blir ekstra varmt og godt.

I tillegg til eit 25 meter langt basseng, er det plaskebasseng, vannsklier og leikeapparat.

Muribugen, Valldal

Rett utanfor sentrum av Valldal finn du sandstranda på Muribugen som ligg idyllisk til rett ved ei rekke med naust. Stranda er langgrunn og barnevenleg. Her kan du slappe av med ei storslått utsikt utover fjorden og fjelltoppane rundt. På varme dagar kan temperaturen kome opp i 20 grader.

Bading i elva og sauna Meretes Garden

Sauna gir velbehag og er avstressande, hyggeleg og sosialt. Meretes Garden arrangerer saunakveldar som er opne for alle med jamne mellomrom. Du kan og leige Gullåna badehus og nyte ein kveld i fred og ro saman på gamalt tradisjonelt vis. Badstua er romleg og unik med vedfyrt omn og store vindauge ut til vakker natur.

Muritunet

Muritunet like ved Valldal sentrum byr på offentleg bading innandørs på onsdagar og laurdagar heile året utanom juli og august.

Liasjøen

Liasjøen ligg i Liabygda, nabobygda til Valldal. Denne badeplassen er ei bortgøymd perle som er verdt å besøke. Ein smal grusveg tek deg ned frå riksvegen til fjorden og du kjem til ei heilt anna verd skjerma for turistar og campingbilar. Ein fin plass å bade med steinbotn og brygge.