Aktiv og spennande sommar i Valldal

Klar for ein aktiv sommar med gjengen din? I Valldal byr vi på klatring, rafting, juving, kajakk, sykling, fjellturar og meire til. Velkommen til Adventure Valley!

Å ligge strak på ei solseng med ei bok kan vere godt. Men ikkje alle er skapt for å bruke heile sommaren til å liggje i ro. Er du ein av dei? Då kan vi sterkt anbefale eit sommarbesøk til Valldal. Valldal Adventure Valley er perfekt for deg som vil vere aktiv i lag med vennegjengen eller familien i sommar. Her er gode tips til kva du kan fylle ditt opphald i Valldal med.

Rafting ned Valldøla

Ei frisk og spanande naturoppleving i vakre omgjevnadar. Rafting i Valldal passer dei aller fleste, enten du er nybyrjar eller har prøvd rafting før.

Elva Valldøla er perfekt for rafting med artige stryk fordelt utover ei strekning på 11 kilometer. Kjenn på spenning, symje eit stryk og få servert ein liten lokal delikatesse. Graderinga av strekninga vi raftar er 2 til 3. Dette betyr at det er tøffe og spennande stryk, men også rolege parti der du får nyte dei spektakulære omgjevnadane vi raftar gjennom. Alt etter kva tur du veljar, får du action og spenning tilpassa ditt nivå.

Juving i Gudbrandsjuvet

På seinsommaren når vannføringa i elva går ned kan vi starte med aktivitet i Gudbrandsjuvet. Juving handlar om å flytte seg gjennom eit elvejuv og kan gjerast på ulike måtar. Vi har satt ei unik løype som byr på balansering på tau, hopping ned i juvet, kliving, zip-line og symjing!

Juvinga skjer like ved Gubrandsjuvet, omlag 15 kilometer frå Valldal sentrum i retning Trollstigen. Vi held oss i eit parti av elva der vatnet renn roleg gjennom spektakulære formasjonar i fjellet. Her har vi laga ei løype med artige hindringar. Vi startar lengst oppe i juvet og beveger oss nedover.

Klatring og moro i Valldal Aktivitetspark

Den kjekke familieparken er den perfekte staden å stoppe for familien på tur. Parken har god tumleplass for klatring og aktivitet. Her kan vi freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott. Ta turen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving. Billettar og meir informasjon får du her.

Fjellturar

Fjella i Valldal er mange og magiske. Nesten uansett kvar du går får du ei unik fjordutsikt. Her finn du mange fine og lettgåtte fjellturar som er godt merka, eller meir krevjande turar for deg som likar høgder og utfordringar til fjells.

Tips til turar finn du både på morotur.no og ut.no

Kajakktur på ein verdsarvfjord

Med Valldal som utgangspunkt kan du oppleve stillheit og ro på Norddalsfjorden og i UNESCO-verdsarvfjorden Tafjorden. Begge er skjerma for cruisetrafikk og større båtar. Nyt den unike naturen med fossar som dundrer i fjorden, idylliske fjellgardar og ikkje minst ein fjord som er vår vesle løyndom. Fjordtur i Valldal kan du booke her

Sykling

Elsykkel er ein fantastisk måte å oppleve natur på. Her rekk du over lange distansar på ein miljøvenleg måte utan å slite deg ut i oppoverbakkane! Vi tilbyr fleire faste dagsturar med Valldal som utgangspunkt. Bli med å sykle på gøymde vegar med fantastisk fjordutsikt til UNESCO verdsarvfjorden Tafjorden, og få innsikt i lokal historie og natur. Sjekk ut Sykkel og fjelltur med Uteguiden Valldal