Mat & kultur – Opplev og smak på Valldal i ferien
Er draumen ein spesiell kultur- og matferie til sommaren?
Alle som elskar å reise og verte kjent med nye stader veit at mat er ein viktig del av opplevinga. Maten som blir produsert og servert i eit området du besøker fortel noko om både historia til folka som bur her så vel som området rundt.
I dei trange dalane mellom dei høge fjella her på nordvestlandet ligg det til rette for små produksjonseiningar som dyrkar eller framstiller grønsker, bær, frukt, eller kjøt som har fått nyte av den reine lufta, dei lange lyse dagane og det næringsrike jordsmonnet. Valldal er ein lang dal på 2,5 mil som startar nede ved den vakre Norddalsfjorden og endar oppe ved det kjente turistmålet Trollstigplatået.
Meretes Garden
Meretes Garden er ei lita oase 3,5 km opp frå sentrum av Valldal. Her tilbyr vi glamping og spa ved elva Valldøla som renn gjennom heile dalen. Her har grunnleggar, Merete, etablert eit retreatsenter med 6 glampingtelt, eit yogastudio og eit badehus med stor fin sauna, toalett og bad, gjestekjøkken og uteområde for avslapping – og grilling for den som ønsker det.
Valldal er eit av dei vakraste områda på Sunnmøre
Ikkje berre kjendt for frodige landskap og majestetiske fjell og fjordar, men også for ein rik matkulturen. Alt frå lokale råvarer og tradisjonelle rettar, som gir både besøkjande og innbyggjarar ei unik oppleving av norsk gastronomi.
Merets Garden: Her tilbyr vi heimelaga surdeigspizza, både ein smakfull variant med norsk pepperoni og ost, vegetarpizza med mozarella og tomat, men også ein spanande dessertvariant med Valldalsjordbær og sjokolade. Mmm, ja, her kan du bestille både lunsj og dessert. Surdeigsbotnen er framstilt av stenimalt kvalitetsmjøl og tilfører pizzaen det vesle ekstra. Surdeigspizza er meir mettende enn anna pizza, balanserer betre blodsukkeret og er full av smak og aroma. Vi tek imot bestillingar kun for grupper, frå 4-10 personar. Og huga å bestille i god tid då surdeigsbakst krev eit par dagar å tilreie.
Surdeigbakst
Surdeigbakst er ein eldgamal baketradisjon med røter tilbake til vikingtida og var den naturlege måten å bake brød og anna bakst fram til 1850-talet. Surdeig er balanserar blodsukkeret og er godt for magen, gir eit produkt smak og karakter. Her hos oss nyttar vi berre norsk steinmalt mjøl frå ei av noregs eldste mølle i surdeigsbaksten, rikt på vitaminer og næringsstoff.
Uimotståeleg frukost til glamping-gjestane
Meretes Garden er også kjend for å tilby ein uimotståeleg frukost til glamping-gjestane. Ein smakfull og mettende frukost er er ikkje berre ein god måte å starta dagen på, men ei oppleving som gir energi og glede og sit ein ekstra spiss på ferien. Frukosten består av: Egg frå lokale bønder, ferskt heimebaka surdeigsbrød, rørt jordbærsyltetøy av lokalproduserte bær, norsk ost, lokal frukt og bær etter sesong.
Og sjølvsagt fersk eplemost frå frukthagane på Linge i Valldal.
Du kan vidare gle deg til å finne ein sunn og god mysli på frukostbuffeten. Myslien er laga med nøye utvalde ingrediensar, og er perfekt for dei som ønskjer ein sunn og næringsrik start på dagen. Saman med yoghurt og bær er du sikra du blir mett og god. Denne frukosten viser fram det beste av kva Valldal har å tilby.


Ei autentisk oppleving av lokal matkultur
Valldal er kjent for eit frodig landskap, der frukt og bær blir dyrka med kjærleik. Området er rikt på bær, eple og anna frukt, som ikkje berre blir brukt i lokale rettar, men også blir selt til besøkjande. Dette gir ei autentisk oppleving av lokal matkultur, der ein kan smake på naturen sine eigne skattar.
Ein smak av norske fjordar og ekte handverk
Tradisjon med ein moderne vri
Storfjord Iskrem er ein lokal iskremprodusent som har sine røtter djupt forankra i dei majestetiske fjordane i Noreg. Her blir det. Produsert handlaga premium iskrem av fersk geitemelk som komplimentert med spanande smakar, ingrediensar og garnityr med sesongråvarer frå lokale bønder og produsentar.
Geitene som leverer premium mjølk til produksjonen, beiter langs fjordane og i fjella på Sunnmøre. Beitande dyr bidreg til god dyrevelferd, samtidig held dei landet i hevd og tek vare på kulturlandskapet.
Meretes Garden er så heldig å få selge denne ekslusive iskremen til våre gjestar. Du kan glede deg til å smake på brunostiskrem, sjokolade, jordbær- og kaffiis mm.
Vi hjelper gjerne med å planlegge ein mat-kultur-tur i Valldal
Konklusjon; Valldal er ikkje berre ein vakker destinasjon, det er også ein stad der mat og kultur går hand i hand. Med Meretes Garden som ein stolt representant for lokal gastronomi, får besøkjande høve til å nyta smakfulle rettar laga med ferske og lokale ingrediensar. Anten ein bestiller ein heimelaga surdeigspizza eller nyt ein energirik frukost vil du få ein god smak av Valldal. Er du klar for å planleggja besøket ditt til Valldal?
Har de spørsmål om andre stadar i Valldal som tilbyr god, lokal mat og drikke så kan de ta ein uforpliktande prat med Merete her
