Trugeturer
Velkomen til eit eldorado for vinteraktiviteter! Her kan du oppleve eit fantastisk fjordlandskap med urørt snø, gamle stølar, djupe dalar og skogar og ei fantastisk fjordutsikt. Med truger på bena er du klar!
Våre profesjonelle lokalkjente guidar viser deg dei beste turane og legg tilrette for ei unik oppleving etter dine føresetnadar. Har du spesielle ynskjer, gjer vi vårt ytterste for tilfredsstille desse.
Opplev eit fantastisk fjordlandskap
På våre guida trugeturar tar vi deg med tett på naturen og inn i stillheten til vinterlandskapet. Du får oppleve det spektakulære fjordlandskapet med høge fjell, store dalar og djupe fjordar. Våre profesjonelle guider deler villig av sin lokalkunnskap om områdets natur, kultur og historie, og sørgjer for at du får ei trygg og unik oppleving.
Våre næraste naboar er Reinheimen Nasjonalpark, Geiranger- og Herdalen Landskapsvernområde, flere naturreservat og UNESCO fjorden Tafjord. Området er samtidig lite besøkt vinterstid som gir deg ei ekte, autentisk og rolig oppleving. Dette gjer området unikt og verdt å besøke.
Med stor lokalkunnskap og fleire alternativ til fine turer på dagtid, og kveldstid med haudelykt, skreddarsyr vi gjerne ein tur etter ditt ynskje.
Å gå med truger
Trugetur er ein lavterskel aktivitet som passar for alle og krev verken god balanse eller at du er ein atlet i god form. Med truger flyter du lett på den djupe snøven eller har godt feste om det er isete og skare. Det er derfor ein perfekt aktivitet for familier, par, vennegjengar eller bedrifter som ønsker å gjøre noko ilag og oppleve naturen.
Våre profesjonelle guider gir deg ei god innføring i det å gå med truger og tilpassar trugene slik du får den beste opplevinga
Velkommen til Valldal og ditt neste eventyr!
Topptur til Mefjellet 5-7 timer

Pris fra kr 4000,- per guide
Vår bestselger! Bli med å bestig Mefjellet 1100 moh. med truger og opplev eit vinterdekt fjordlandskap med den beste utsikta til fjord og fjell. Mefjellet er den ultimate turen for den som ønsker ein lang tur på truger og samtidig sett pris spektakulær fjordutsikt.
Vi går gjennom åpent kulturlandskap med flere utsiktspunkt mot fjordene. Til slutt ender vi opp i høyfjellet og ikke minst toppen Mefjellet, med panoramautsikt mot fjord, fjell og dalar. Underveis passerer vi også Nysætra, ei velhald seter og flott fotomotiv som innbyr til pause og eit pust i bakken.
Vi anbefaler at du er god fysisk form, men du treng ingen erfaring med truger frå før av. Er du usikker på om denne turen er for deg, ta gjerne kontakt.
Har du spesielle ynskjer om andre toppar eller dagsturar, tar vi det gjerne med på det. Ta kontakt så avtalar vi.
- Høgde over havet: 1100m
- Stigning: 700 høgdemeter
- Avstand: 8,0 km
- Vanskelighetsgrad: Middels / Krevjande
Halv dagstur med truger – 2-4 timer

Pris fra kr 3000,- per guide
Bli med på ein halvdagstur med truger der vi opplever landskapets råe natur, samt en stillhet kun naturen kan by på. Vi skreddarsyr ein halvdagstur etter dine ønsker og føresetnadar.
Ønskjer du å gå skog og djupe dalar i stillheit og fred, eller å oppleve storslått fjordutsikt og gamle setra, tar vi deg ditt. Ynskjer du å gå ein kortare tur for å fyre bål, nyte ein varm lunsj og god bålkaffi ordnar vi det. Har du ynskjer om ei anna oppleving, ta kontakt!
Vi er lokalkjente og kjenner alle dei gode alternativa, og ilag med deg finn vi fram til den beste turen for deg.
Bor du på Juvet Landskapshotell? Vi møter deg gjerne på hotellet og tar deg med på ein tur i nærleiken. Bur du på Valldal Fjordhotell, hentar vi deg gjerne der.