Multi Adventure

Opplev spektakulære fjordar og fjell medan du kombinerar vora aktivitetar! Vi har satt saman dei beste kombinasjonane for å gi deg den beste oppleving.

Gjennom eit stort mangfald av aktivitetar og bruk av vora kunnskap og erfaring sett vi saman unike kombinasjonar av aktivitetar. Har du spesielle ynskjer, ta kontakt, vi skreddersyr gjerne.

Kombiner fleire aktivitetar

Med Valldal som utgangspunkt kan du oppleve UNESCO fjorden Tafjord, fossar som dundrar i fjorden, Reinheimen Nasjonalpark og fjellgårder som ligger idyllisk til. Her finn du kultur, natur, historie, og eit levande lokalsamfunn. At området er lite kjent, gir ein bonus for deg som ynskjer stillheit og fred når du er på tur.

Dette dannar grunnlaget for vora aktivitetar. Vi tilbyr eit breid spekter av aktivitetar, og for å få den beste opplevinga har vi satt saman nokon velvalte kombinasjonar. Dette for å gi deg den unike opplevinga.

Vi meinar at ein må «smake» område for å verkeleg oppleve det. Derfor er det på dei fleste av turane inkludert ein deilig lunsj med lokale delikatesser. i tillegg vil guiden vår gi deg kunnskap om lokal historie, kultur og natur, og sørge for at du kan få en avslappet og fin tur. Alt dette for å gi deg den beste opplevinga av området du besøker.

Kajakk og klatring – 7-8 timer

kayak-climb-01

Kontakt oss for eit godt tilbod. Gruppepriser tilgjengelig.

Guidens favoritt! Dette er turen som har alt for deg som likar både ei roleg naturopplevinga, og utfordring og spenning! Dagstur med start i Valldal der vi padlar til Fjørå, ei lita bygd ved fjorden. Her ein får ein oppleve den ukjente UNESCO fjorden, Tafjorden. Fossefall, høge fjell, dyreliv og spennende historier er noe av det vi byr på.

I idylliske Fjørå, ved fjorden, har vi eit klatrefelt med ulike klatreruter i forskjellige vanskelighetsgrader, perfekt for både barn, ungdom og vaksne. Her kan ein både klatre og rappellere frå opp til 25 meters høgde! I dette området finst det også ei spennande grotte å uforske. Her treng ein fullt klatreutstyr, lys og kjentmann for å ta seg inn.

I løpet av tida i Fjørå serverar vi ein deilig lunsj med lokale delikatesser.
Frå Fjørå blir vi transportert tilbake til Valldal med bil/buss.

  • Tidsfordeling er ca. 30% kajakk og 70% klatring
  • Normalt form. Treng ingen erfaring med verken kajakk eller klatring.
  • Transport tilbake frå Fjørå er inkludert
  • Alt nødvendig utstyr inkludert, men gode sko og utandørs kle etter været er å anbefale.
  • Lunsj inkludert.

Kajakk og vandring – 5-6 timer

kayak-hike-01

Pris kr 1290,- per pers. Gruppepriser tilgjengelig.

Spektakulær tur! Dette er turen som har alt for deg som ynskjer å kombinere ein roleg kajakktur med ein «utilgjengeleg» fjelltur! Vi startar med ein roleg padletur der vi kjem tett på elementa. Turen går frå Valldal langs Syltefjellet, og krysser etterkvart fjorden. Er vi heldige ser vi både ørn og nise undervegs. Her går vi iland ved eit lite naust (båthus).

Herfrå starar ein flott tur til fots opp 450 høydemeter til Vikasætra. Turen går på god, men bratt sti. Underveg passerar vi ein gamal gård med ei spennande historie, og fleire utsiktspunkt, før vi kjem opp. Vikasætra er ei gamal seter med lang historie og har ei spektakulær utsikt over fjorden og Valldal. Einaste måten å kome hitt er med båt eller kajakk!

  • Tidsfordelingen er ca 30% kajakk og 70% fottur
  • Gåtur i bratt terreng på fin sti
  • God fysisk form. Husk gode fjellsko.
  • Alt nødvendig utstyr er inkludert, men utandørs kle etter været og ein liten sekk er lurt å ta med.
  • Lunsj inkludert. Vi nyt lunsjen ute på setra.

Ta med

Ta med vind- og vanntett jakke for betre varme og komfort. Ein varm ull/fleece-genser, lue og hansker er fint å ha på kalde dager. Skyggelue, solbriller og solkrem anbefales om det er sol. Kamera og ei flaske vatn er kjekt å ha med.

Utstyr

Du får utdelt nødvendig utstyr for den valte aktiviteten.