Kajakkurs

Din komplette tilbyder av kajakkurs i Møre og Romsdal!

Vi arrangerar kajakkurs for både nybegynnarar og vidarekomne. Kursa gir  godkjent «Våttkort» frå Norges Padleforbund. Vi har faste kursdatoar og sett opp kurs på forspørsel.

Våre instruktørar har utdanning innen friluftsliv, er utdanna minimum aktivitetsleiar gjennom Norges Padleforbund, og har ei brei erfaring med guiding og veileding i fleire aktivitetar.

Våra lidenskap er gode opplevingar. På kurs med oss får du kombinert dette, med å lære padling i trygge rammer.

Kursdato

Sjå booking for oppsatte kurs

Ta gjerne kontakt ved spesiell ynskjer på dato / sted

Book online for beste pris

Introduksjon 990,-
Grunnkurs 2290,-
Redning- og sikkerheitskurs 990,-
Rullekurs 1400,-
Teknikkurs 2590,-
Tur- og teknikkurs 4290,-

Varigheit

Introduksjon 4 timer
Grunnkurs 2 dager
Redning- og sikkerheitskurs 4 timer
Rullekurs 5-6 timer
Teknikkurs 2 dagar
Tur- og teknikkurs 4 dagar

COVID-19 oppdatering 26.05.2020 – Vi er opne!

Med tilpassingar i henhold til føringar frå helsemyndigheitene kan vi gjennomføre turar utan risiko for smitte.

Gjeldande er derfor:
Vi held 1m. avstand når vi er ute på tur.
Har ein symptom på sjukdom held ein seg heime.

Introduksjonskurs – 4 timer

produkt-havkajakk-introkurs

Pris 990,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

Ein kjapp intro! Har du lyst til å ferdes trygt i ein havkajakk og få ei enkel innføring i det å padle kajakk? Dette kurset gir deg det, varer i 4 timer og kvalifisera til «Våttkort» med introduksjonskurs oblat frå Norges Padleforbund som bevis på at ein kan handtere ein havkajakk.

 

Kursinnhald

  • Nødvendig kajakkutstyr
  • Handtering av kajakken
  • Entre kajakken og sittestilling
  • Effektiv padleteknikk
  • Kameratredning
  • Ilandstigning
  • Sikkerheit ved padling
  • Lokale padleforhold

Kurset krev ingen tidlegare erfaring og passar for dei som ynskjer å bli kjent med kajakkpadling.

Dette kurset foregår i storslåtte naturomgivelser på Norddalsfjorden med Valldal som utgangspunt. Dette danner grunnlag for store opplevelser, mestring og videre motivasjon til padling. Ynskjer du at vi kjem til deg – ta kontakt.

Kurset arrangerast i heile sommarsesongen, både på dag- og kveldstid.

Grunnkurs – 2 dagar

produkt-havkajakk-grunnkurs

Pris 2290,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

Anbefalt av oss! Kurset gir ei grundig innføring i kajakkpadling over to dagar i kajakken ute på fjorden, gjerne i nærleiken av ein av dei flotte fjellgardane i området. I tillegg til naturopplevinga, fokusera vi på padleteknikk og korleis ein trygt ferdast i kajakk. Etter kurset er du klar for dagsturer i skjerma områder i fjordane eller på kysten. Kurset kvalifisera til «Våttkort» med grunnkurs-oblat frå Norges Padleforbund.

Kursinnhald

  • Nødvendig kajakkutstyr
  • Løfte, bære, sjøsette kajakken
  • Entre kajakken, sittestilling og ilandstiging
  • Padleteknikk og skadeførebygging
  • Rednings-teknikkar
  • Planlegging av tur
  • Sikkerhet og sjømannskap
  • Friluftsliv, allemannsretten og sporlaus ferdsel

Kurset passar for dei som ynskjer å bli ein god og trygg padlar. Kurset krev ikkje introduksjonskurs eller tidlegare erfaring for å delta.

Kurset foregår i storslåtte naturomgivelser på Norddalsfjorden og Tafjorden med utgangspunkt i Valldal. Dette danner grunnlag for store opplevelser, mestring og videre motivasjon til padling. Ynskjer du at vi kjem til deg – ta kontakt.

Kurset arrangerast i heile sommarsesongen, og kan arrangerast over tre ettermiddagar/kveldar på førespurnad.

Redning- og sikkerheitskurs – 4 timer

534a9074

Pris 990,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

Bli trygg på redning og sikkerheit! Dette kurset gir deg moglegheita til å bli god på redningsteknikkar og kva du kan gjere for å få ein tryggare padletur. Vi fokuserar på å utvikle di evne å gjennomføre egenredning og kameratredning. Det er også fokus på sikkerheit og korleis ein kan legge tilrette for tryggare turar. Kurset varer i 4 timer. Du treng ikkje å ha deltatt på kurs tidlegare, men vi bør ha padla tidlegare.

Kursinnhald

  • Redningsteknikkar
    • Kameratredning
    • Egenredning
    • Kva gjer du når begge havnar i vatnet?
  • Sikkerheit
    • Turplanlegging
    • Gruppedynamikk
    • Posisjonering og synligheit

Kurset krev ikkje at du har deltatt på kurs før, men vi anbefalar at du har padla tidlegare.

Kurset tar utgangspunkt i Valldal. For private kurs kjem vi gjerne til deg – ta kontakt.

Kurset arrangerast 1-2 gangar i månaden juni til september.

Rullekurs – 4-5 timar

534a9047

Pris 1400,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

Lær deg rulla! For mange padlara er det å kunne rulla det store målet, og det ein veldig kjekk ting å kunne også! På dette kurset får du moglegheita til å lære eskimorullen. Det er individuelt kor lang tid det tar å lære rulla, nokon får det til i løpet av kurset, nokon treng meir tid. Dette kurset gir deg grunnlaget du treng for å lære den. Kurset varer i 4-5 timer alt etter kor ivrige deltakarane er.

Kursinnhald

  • Eskimorullen – Sveiperulle
    • Tørrtrening på land
    • Utførelse i vann
    • Korleis trene videre etter kurset

Du treng ingen forkunnskaper, men vi anbefaler at du har padla før og kan kameratredning og egenredning.

Maksimalt 4 gjester per instruktør.

Ta med: Svømmebriller/dykkermaske og naseklype. Tørrdrakt er å anbefale.

Kurset tar utgangspunkt i Valldal. For private kurs kjem vi gjerne til deg – ta kontakt.

Kurset arrangerast 2 til 3 gangar mellom juni og september.

Teknikkurs – 2 dagar

Kajakkurs

Pris 2690,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

For deg med grunnkurs! Dette kurset gir deg moglegheita til å utvikle deg vidare som kajakkpadlar. Vi fokuserar på å utvikle di evne til å manøvrere kajakken gjennom betre og fleire padleteknikkar. Det er ekstra fokus på sikkerheit og på kurset gir vi deg også fleire redningsteknikkar. Ein introduksjon til rulla vil bli også gitt. Kurset varer i 2 dagar og kvalifisera til teknikkurs oblat frå Norges Padleforbund.

Kursinnhald

  • Relevant kajakkutstyr
  • Handtering av kajakk
    • Lyfte, bære og sjøsette
    • Sikring av kajakk
    • Kanting av kajakk
  • Padleteknikk
    • Effektiv framoverpadling
    • Bakoverpadling
    • 8-tallspadling fremover og bakover med kanting av kajakk
    • Styretak – styretak bak og baugtak
    • Sideveis forflytting av kajakken med og utan fart
    • Støttetak
      • Sculling
      • Høge og låge
  • Rednings-teknikkar
    • Kameratredning
    • Eigenredning
    • Tauing og bruk av taueline
  • Introduksjon til rulle

Kurset krev gjennomført grunnkurs og at du ynskjer å utvikle deg som kajakkpadlar.

Kurset foregår i hovedsak i Norddalsfjorden og Tafjorden med utgangspunkt i Valldal. Men, vi ynskjer gjerne å utfordre oss sjølve på dette kurset. Dag 2 kan derfor bli lagt nærare kysten om det er blikkstille fjord.

Kurset arrangerast 1-2 gangar i løpet av mai – oktober.

Tur- og teknikkurs – 3 dagar

p1100277-2

Pris 4290,- per person – gruppepris tilgjengeleg 

Nytt kurs! Kurset for deg som ynskjer å kombinere turpadling og kurs. Kurset går over tre dagar på kysten av Sunnmøre der vi lærer deg det grunnleggande om turpadling over fleire dagar, padleteknikk og trygg padling. Med dette kurset legg du grunnlaget for å kunne reise på overnattingstur med kajakk, samtidig som du får utvikla seg som kajakkpadlar. Etter kurset er du klar lengre kajakkturar, gjerne med overnatting i skjerma områder i fjordane eller på kysten.

Kursinnhald

  • Kajakkspesifikk kunnskap
    • Kajakkutstyr for fleire dagar på tur
    • Handtering av tung kajakk
    • Entre kajakken, ilandstiging og sittestilling
    • Effektiv padleteknikk og skadeførebygging
    • Rednings-teknikkar
    • Sikkerheit og sjømannskap
    • Pakking av kajakk for fleiredagers tur
  • Grunnleggande turkunnskap
    • Planlegging av tur med overnatting
    • Overnatting i telt
    • Mat på tur
    • Friluftsliv og Allemannsretten
    • Sporlaus ferdsel

Kurset passar for deg som har padla kajakk tidlegare og ynskjer å nytt kajakken til å padle på tur fleire dagar. Du treng ikkje grunnkurs frå tidlegare for å delta, men det er anbefalt. For deltakara med grunnkurs frå tidlegare, vil dette kurset kvalifisere for teknikkurs.

Kurset vil bli lagt til Søre Sunnmøre, med utgangspunkt i Gurskøya. Det blir lagt opp til 1 overnatting i hytte og 1 overnatting i telt. Oppmøtepunkt og fleire detaljar kjem ved påmelding.

Kursavgift dekker ikkje overnatting i hytte og mat gjennom kurset. Dette organiserar vi i felleskap i forkant.

Kurset arrangerast 1 til 2 gangar mellom mai og oktober.

Ta med

Ved påmelding vil du få tilsendt en liste med alt av klær og utstyr du skal pakke med deg for å delta på kajakkurs.

Utstyr

Alt kajakkutstyr er inkludert! Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk, redningsvest og våtdrakt.
Har du eige utstyr, anbefalar vi å nytte det. Dette for å bli godt kjent med utstyret du skal nytte etter kurset.