Vi søkjer marknad- og utviklingsansvarleg

Valldal Naturopplevingar AS er ein av dei største tilbydarane av naturbaserte aktivitetar på Sunnmøre. Med utgangspunkt i guida naturopplevingar i våra hovudaktivitetar, rafting, juving, havkajakk og fjelltur, brenn vi for opplevingar av høg kvalitet. For oss kjem kvalitet og personlege oppfølging, framføre kvantitet og stort volum.

På bakgrunn av større etterspurnad og utvida tilbod ser vi etter ein person til stillinga som marknad- og utviklingsansvarleg. Stillinga er ei heilårstilling i totalt 60%, med fleksibel fordeling av denne i lågsesong og der ein må forvente å arbeide 100% i sommarsesong. Om utviklinga fortsett kan det vere aktuelt å utvide denne stillinga.

Vi ynskjer å tilsette ein naturentusiast som ynskjer å leve av å utvikle og tilby gode naturopplevingar i spektakulær natur. Stillinga vil innebere å bidra i den administrative dagleg drift av Valldal Naturopplevingar, samt kunne bidra på å guide turar sommar og vinter. Personen vi tilsett vil spele ei viktig rolle i utviklinga av Valldal Naturopplevingar for framtida. Har den tilsette spesielle interesser eller kunnskap som ein ynskjer å nytte/utvikle, vil Valldal Naturopplevingar legge til rette for dette, så lenge det er i tråd med visjonen og det langsiktige målet til bedrifta.

Personen vi tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar, og få arbeidsoppgåver gjennomført effektivt. Ein må ha ei profesjonell haldning som står i stil til jobben ein skal utføre. Ein treng ikkje å vere ekspert, men må ha stor vilje til å lære og utvikle seg sjølv. Tenkjer du langsiktig og er lojal vil du passe inn hjå oss.

Vi søkjer deg som

  • Har relevant utdanning
  • Er over gjennomsnittet opptatt av, og har kunnskap om sosiale media
  • Opptatt av utvikling gjennom kreativitet, nytenking og høg kvalitet
  • Har guideerfaring og innehar godkjente aktivitetsspesifikke kursbevis
  • Har god skriftleg formulering på nynorsk og engelsk
  • Disponerer eigen bil

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Administrativt
    • Marknadsføring og sal
    • Hovudansvarleg for sosiale media
    • Booking og kommunikasjon med kundar
    • Utvikle eksisterande og nye tilbod
    • Bidra i dagleg drift
  • Guiding av aktivitetar etter din kunnskap og kompetanse

Vi kan tilby

  • Konkurransedyktig løn
  • Pensjonsordning
  • Personleg utvikling og kurs
  • Fleksibel arbeidstid og stad i lågsesong
  • Gode rabattar på utstyr gjennom våre samarbeidspartnarar

Vi ynskjer at du sender oss ein videosnutt på maksimalt 2 minutt, der du kort presentera deg sjølv og kvifor du passar inn hjå oss.
CV og videosnutt kan sendast til post@valldal.no

Søknadsfrist 15.12.19.

Planlagt oppstart er mars 2020.

For spørsmål om stillinga:
Erlend K. Ringstad – dagleg leiar 
Epost: post@valldal.no
Telefon: 900 14 035.