Velkommen til Valldal – The Adventure Valley

Opplevingsbygda NR.1 i Møre og Romsdal! Her finn du eit breitt mangfald av aktivitetar for alle aldersgrupper. Valldal er kjent som jordbærbygda på Sunnmøre, og har kanskje Noregs beste jordbær. Det varme klimaet som gir perfekte forhold for bær- og fruktproduksjon, gir også perfekte forhold for utandørsaktivitetar og opplevingar!

I hjartet av Sunnmøre

Midt mellom Ålesund, Geiranger og Trollstigen, ligg Valldal. I nærområdet finn du den unike perla av ein urørt UNSECO verdsarvfjord, Tafjorden. Det er kort veg til fjella med Reinheimen Nasjonalpark og Tafjordfjella som næraste nabo. Området er roleg, og har forholdsvis få besøkande samanlikna med Geiranger og Trollstigen. Her er det «kø-fri garanti» på alle turar i fjellet og på fjorden!

For dei aktive og naturglade

Dei spenningssøkande kan delta på rafting ned elva Valldøla, og juving i Gudbrandsjuvet. Heile familien kan klatre i trea i bygdas aktivitetspark og avslutte dagen med bowling og pizza. Det romantiske paret eller dei som ynskjer avkopling og velvære kan bu luksuriøst og behageleg på glamping, samt kople av med yoga og sauna. Søkjer ein stillheit og ro, og vil kome tett på fjorden er ein kajakktur på ein urørt UNESCO verdsarvfjord å anbefale. Godt merka kortare og lengre fjellturar med spektakulær fjordutsikt er det også mange av.

Samtidig som du er aktiv, blir du godt ivaretatt av vertskapet på eit av hotella som tilbyr deilig mat og drikke av lokale leverandørar og ei god seng med fjord eller fjellutsikt. Ynskjer du å bu enklare finst det eit utval av hytter og campingplassar i Valldal som gjerne tar deg imot.

Vi er unikt plassert med ein times reiseveg til fleire av våre gode naboar.  Åndalsnes og Romsdalseggen er rett på andre sida av Trollstigen. Geiranger og Geirangerfjorden ligg ein kort ferjetur unna. Jugendbyen Ålesund ligg ein times køyring vestover. Molde og Atlanterhavsvegen ligg ein god time køyring nordover. Valldal er den perfekt basen for å utforske heile regionen!

Valldal– The Adventure Valley

Vi er eit nettverk av lokale bedrifter som tilbyr spennande opplevingar, aktivitetar, overnatting og lokal mat i nydelege omgjevnader. Vi er stolte av å kunne gje våre gjestar dei beste opplevingane, og ofte er desse individuelle reisande, familiar eller mindre grupper på tur.

Vår perfekte lokalisering gjev oss strålande moglegheiter til å lage minneverdige opplevingar av høg kvalitet i lag med våre gjestar.

Vi ønsker deg hjarteleg velkomen!

Valldal Aktivitetspark

Valldal Aktivitetspark tilbyr klatring i sju ulike løyper, lagbygging, hinderløype og hoppepark.

Vi har sesongbaserte opningstider i perioden 1. mai til 1. november, men kan ta imot bestillingar frå grupper i heile perioden. Frå midten av juni til starten på august har vi ope kvar dag, og i høgsesongen har vi også troll til stade med eige aktivitetsprogram for barn. Tilpassing og skreddarsaum for grupper og VIP.

Vi ligg idyllisk plassert rett ved elva, 7,5 km frå Valldal sentrum mot Trollstigen.

Meretes Garden

Ein stad å roe ned med yoga, sauna og spa. Delta på arrangement med helse og velvære i fokus eller lag ditt eige opplegg. Vi har også overnatting. I telt, også kalla glamping, for 15 personar sommarhalvåret frå mai – oktober og ei stor leilegheit for 6 personar oktober – mai.

Vedfyrt sauna, spa og eit godt måltid er ei god avslutting på dagen etter ein fjelltur, rafting eller skitur. Du finn oss på ein gard ved Uri bru, ca 4 km frå Valldal sentrum.

Kontakt oss og vi lagar eit skreddarsydd opplegg for dykk!

Valldal Naturopplevingar

I «opplevelsesdalen» tilbyr vi aktivitetar og opplevingar i fjellet, på fjorden og i elva året gjennom.

Sommar – Rafting, juving, guida kajakkturar og kurs, kajakkutleie, fjellturar og klatring
Vinter – Toppturar, trugeturar og langrenn

Med over 20 års erfaring med å skape bærekraftige friluftsopplevingar, veit vi korleis å glede gjestane våre med dei beste eventyra.

Vi tilbyr faste turar, i tillegg til skreddersydde opplegg for enkeltpersoner, vennegrupper, utdrikningslag og bedrifter.

Valldal Fjordhotell

Hotell som ligg fantastisk til like ved fjorden i Valldal sentrum. Perfekt som utgangspunkt for alle aktivitetar og turar til Geiranger, Trollstigen og Ålesund.

Hotellets restaurant serverar nydelege rettar, der lokalmat spelar ei viktig rolle.

Kontakt oss eller ta direkte kontakt med Valldal Fjordhotell for meir informasjon!

 

Kulå Bowling

Kulå er et serveringssted i sentrum av Valldal som tilbyr pizza og à la carte-meny. De tilbyr aktiviteter som bowlilng, biljard, airhockey og brettspill.

Arrangør av private selskap, dansearrangement i helger og ulike barne- og ungdomsaktiviteter.

Kontakt oss for private arrangement.

Blåtind Boutique Hotel

blaatind

Eit flott hotell med ei utruleg utsikt lokalisert i Stordal. Det perfekte utgangspunkt for ski og fotturar i området.

I hotellets restaurant kan du nyte deilig mat der lokale produsenter spiller en viktig rolle.

Kontakt oss eller hotellet for meir informasjon.

Kontakt oss

Erlend K. Ringstad på Valldal Naturopplevingar er kontaktperson for nettverket.
E-post: post@valldal.no
Telefon: +47 900 14 035

Du kan også ta direkte kontakt med kvar enkelt aktør for informasjon om spesifikke produkt.