Topptur

Velkomen til eit «hemmeleg» og ukjent område for toppturar. Spektakulære fjordar og fjell, snøsikkert, og få andre grupper på tur i området.

Området rundt Valldal er eit eldorado for toppturar med fantastiske nedkøyringar, nydeleg utsikt, og store opplevingar. At området er lite kjent, er ein bonus for deg som ynskjer fjellet for deg sjølv og uspora snø.

Med vår lokalkunnskap, og dine ynskjer og føresetnadar skreddarsyr vi gjerne ein tur eller helgeopphald ilag med deg.

Pris

Frå 3200 kr pr. guide

Alder

Fra 10 år

Sesong

Februar – Mai

Varighet

Halv dag til fleire dagar

Toppturar på ski

Har du lyst til å prøve deg på topptur og oppdage eit område perfekt for toppturar? Ynskjer du å oppleve storslått natur med fjordar og fjell i verdsklasse? Då er ein topptur i dei indre delane av  Sunnmøre perfekt for deg!

Fjella her inne og rundt Valldal ligg gjømt og urørt, med toppar som strekk seg over 1700 meter over fjorden. Her er alpine topper og lange turar, men også meir runde og lettare tilgjengelege toppar, perfekt for nybegynnaren på topptur. Her kan du kjøre på ski med den beste fjordutsikta, i urørt snø og i dei tryggeste rammene Sunnmøre kan by på. Alt ligg til rette for store naturopplevingar med fjell, fjord og urørt snø som hovedattraksjonen.

Våre guidar er lokalkjente, har solid kunnskap om trygg ferdsel i vinterfjellet og gjer alt i deira makt for å gi deg den beste opplevinga.

Booking av turar

For å gi deg den beste opplevinga, tilbyr vi i hovudsak kun private turer med maksimalt 6 gjestar pr. guide. På den måten kan vi skreddersy turen til deg og din gruppes forutsettinger og ønsker. Skriv gjerne litt om tidlegare erfaring, fysisk form og dine ynskjer/motivasjon ved booking. Vi tar kontakt med deg i forkant for å planlegge og finne den beste turen for deg.

Topptur halv dag

topptur-kort

Pris frå kr 3200,- per guide 

Denne turen tar deg med på tur i nærleiken av Valldal. Det er ein kortare tur som krev at du er i normal fysisk form og har erfaring med alpint/snowboard fra før. Du treng ikkje erfaring med topptur frå før. Turen kan også gjerast med utgangspunkt i Strandafjellet Skisenter eller Arena Overøye, med fokus enten på tur eller heisbasert skikøyring.

Nokon av mange aktuelle område/turar er Mefjellet, Ansokhornet og Nonshaugen.

  • Varighet: 3-5 timer
  • Stigning: 400 – 800 høgdemeter
  • Lengd: 4 – 8 km.
  • Vanskelighetsgrad: Lett – Middels

Topptur heil dag

topptur-lang

Pris frå kr 3900,- per guide 

Dette er turar som tar deg med til dei ultimate toppane som gjerne er litt lenger å gå til. Turane er lang som krev at du er i god fysisk form og har erfaring med toppturar med randonee/snowboard frå før. Turen kan også gjerast med utgangspunkt i Strandafjellet Skisenter eller Arena Overøye, med fokus på enten tur eller heisbasert skikøyring.

Nokon av dei mange aktuelle områda/turar er Berdalsnibba, Grøtet, Jolgrøhornet og Høghornet.

  • Varighet: 6-8 timer
  • Stigning: 800 – 1300 høgdemeter
  • Lengd: 6 – 12 km.
  • Vanskelighetsgrad: Middels – Krevende

Nødvendig utstyr

  • Randonée ski, telemark eller splitboard med feller
  • Skisko med gåfunksjon
  • Stavar
  • Hjelm og goggles
  • Sendar/mottakar, spade og søkjestong
  • Ryggsekk 20-35l.
  • Solbriller
  • Termos, vannflaske og mat
  • Ta kontakt i god tid om du manglar noko utstyr eller har spørsmål

Anbefalte kle

  • Vass/vindtett jakke og bukse
  • Ullundertøy
  • Ullsokker
  • Mellomlag – Ull/Fleece
  • Primaloft-/dunjakke
  • 2 par hanskar/vottar
  • Hue
  • Et ekstra tørt skift med ullundertøy i sekken