Vi søker SoMe-ansvarleg

Valldal Aktivitetspark AS og Valldal Naturopplevingar AS er to av dei største tilbydarane av naturbaserte aktivitetar på Sunnmøre.
Saman søker vi ein person til stillinga som ansvarleg for sosiale media gjennom ein hektisk sommarsesong. Stillinga er sesongbasert frå mai til august med sjanse for vidare engasjement på deltid, og vil difor passe godt for studentar. Oppstart etter avtale.

Vi ønsker å tilsette ein person som har stor forståing for strategisk bruk av sosiale media, som kan arbeide sjølvstendig under gitte rammer. I det daglege skal du produsere, redigere og presentere innlegg på sosiale media som skal skape merksemd og engasjement.

Du må vere språksikker og kreativ med eit godt blikk for kva som fungerer på nett. Du skal  samarbeide tett med arbeidsgjevar for å få løfta fram og presentert innhaldet på best mulig måte. Du blir oppmoda om å kome med eigne idear og kreative løysingar.

Vi søker deg som

  • er aktiv og friluftsinteressert
  • arbeider kjapt og kreativt
  • er over gjennomsnittet opptatt av, og har kunnskap om, sosiale media
  • har gode analytiske evner
  • har brei digital erfaring
  • har god skriftleg formulering på nynorsk og engelsk
  • har relevant erfaring
  • disponerer eigen bil/motorsykkel og fotoutstyr

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • fotografering og filming av våre aktivitetar
  • redigering og posting av innlegg
  • planlegging og utføring av annonsekampanjer
  • marknadsplanlegging og generelt marknadsarbeid

Vi kan tilby

  • konkurransedyktig løn
  • eige rom i personalbustad
  • fri tilgang til alle aktivitetar hjå arbeidsgjevar
  • inkluderande og sosialt miljø

Personleg brev med CV og referansar til tidlegare prosjekt eller arbeid knytt til sosiale media, kan sendast til [email protected] Søknadsfrist 11.02.18.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Erlend Hjelme, [email protected] eller 99 38 99 46.

www.valldal.no
www.valldalaktivitetspark.no