FRAMSIDA KONTAKT PRISLISTE BOOKING
900 14 035
Kvar dag 9:00-20:00
Rafting Klatring Villmarksleir Juving Kajakk
 
Rafting standardtur
Kortrafting
Familierafting
Om rafting
Sikkerhet
Gradering

Booking
900 14 035
Pris
690,-
Alder
Over 15
Ta med
Ullunderklede eller liknande
Varighet
4 timar
Antall
6 - 35
Sesong
Mai til September
Rafting
 
Oppmøte
Du møter opp ved hovudkvarteret vårt i Valldal sentrum. Vi tek på oss det nødvendige utstyret: våtdrakt, hjelm og flytevest. Etter testing og rettleiing av utstyret køyrer vi i minibuss opp til Hoel bru. Der heldt turleiaren ein grundig sikkerheits prat til gjestane, der han gjeng gjennom alt som skal skje på elv og alt som kan skje. Deretter fordelast gjestane i flåtane og kvar enkelt guide lærer sitt mannskap kommandoar og padleteknikk. Då er alt klart for å sette flåtane på elva. Der blir det terping på padleteknikken heilt til alle føler seg klar til å sette avgarde nedover elva.

På tur
Vi gjer to opphald undervegs. Først etter ein halvtime, då stoppar vi på nokre berg midt i elva, der alle som vil får annledning til å symje og stupe i elvestryka. Før vi tek til på siste delen av turen, går vi på land, tenner bål og styrkjer oss på noko varmt, før vi legg ut på den mest interessante delen av elva. Der blir det litt meir fart og sprut enn på den første delen. Etter omlag 12 km med vakker natur, opplevingar og spenning, flyt flåtane roleg ut i den vakre Norddalsfjorden ved Valldal sentrum, der vi tek flåtane i land.