Fjellturar

Opplev eit fantastisk landskap med høge fjell og djupe fjordar med Valldal som utgangspunkt.

Området rundt Valldal har alt! Både fjellturar til toppar, gamle stølar og fantastiske utsiktspunkt. Her kan du gå i fred og ro, utan forstyrrelsar og mange andre turistar.

Vi tilbyr guida turar og skreddarsyr gjerne.

Book online for beste pris

Frå kr 990,-

Alder

Frå 7 års alderen

Sesong

Mai – Oktober

Varighet

Frå 3 timer

Turar i Valldal, Trollstigen og Geiranger

Våre næraste naboar er Reinheimen Nasjonalpark, Geiranger- og Herdalen Landskapsvernområde, fleire naturreservat og ikkje minst Tafjorden som er på UNESCOs verdensarvliste. Dette gjer området unikt og verdt å besøke!

Med Valldal som utgangspunkt tilbyr vi fleire fjellturar der du kan opplev det fantastisk landskap med høge fjell, store daler og djupe fjordar. Med ein lokalkjent guide får i tillegg oppdage lokal historie, natur og kultur. Vi tilbyr gjerne skreddarsydde turar etter våre gjesters ysnkje. Om ein av dei planlagde turer ikkje fristar, ta kontakt så skreddarsyr vi ein til deg.

På alle våre guida fjellturar serverer vi ein lunsj bestående av lokale delikatesser med varm/kald drikke. Vi er opptatt av å formidle lokale mat-tradisjonar, og meina ei naturoppleving blir mykje meir verdt om ein også opplev smaken av området også. Har ein allergiar, ynskjer vi beskjed om dette ved bestilling. Dette for å kunne tilpasse lunsjen til dine behov.

Velkommen til Valldal og ein stor opplevelse!

Rundtur Mefjellet 5-6 timer

produkt-fjelltur-mefjellet

Online pris kr 1290,- per pers. Gruppepris tilgjengeleg.

Vår bestseljar! Dette er ein middels lang tur i variert natur. Vi går gjennom ope kulturlandskap med fleire utsiktspunkt mot fjorden og mot Valldalen. Til slutt enda vi opp i høgfjellet og ikkje minst toppen Mefjellet, med panoramautsikt mot fjordar, fjell og dalar. Undervegs stopper vi innom Ruggå, den syngande steinen og Nysætra, med nydeleg utsikt utover UNESCO fjorden Tafjorden.

Dette er den perfekte turen om du ysnkjer å gå litt lenger og oppleve «alt» området har å by på.

  • Høgde over havet: 1100m
  • Stigning: 700 høgdemeter
  • Avstand: 8,0 km
  • Vanskegrad: Middels

Mannen og Trollveggen 6-7 timer

produkt-fjelltur-mannen-trollstigen

Online pris kr 1490,- per pers. Gruppepris tilgjengeleg.

Dette er ein spektakulær tur med utgangspunkt i Trollstigen. Turen er lang, men går i eit lett terreng på god sti, gjennom den flotte Alnesdalen. Turen ender opp ved Mannen, ein kampestein som står på stupet til Romsdalen, med ei spektakulær utsikt til Trollveggen. Området under Mannen er blitt landskjent då det har vore stor rørsler i fjellet og hausten 2019 rasa eit parti ut i dalen! Vi held oss på trygg grunn og nyt utsikten, samtidig som du får eit innblikk i overvakinga av rasområdet.

OPPMØTE STAD: Trollstigplatået

  • Høgde over havet: 1294 m
  • Stigning: 640 høgdemeter
  • Avstand: 15,5 km
  • Vanskegrad: Middels

Rundtur Ruggå 3-4 timer

produkt-fjelltur-rugga

Familiepakke (2 + 2) kr 3200,- Eller kr 990/700,- per pers.

Perfekt for familier! Dette er flott og lett familietur gjennom gjennom kulturlandskap med flotte utsiktpunkt mot Valldalen og UNESCO fjorden Tafjorden. Vi stoppar ved Ruggå, den syngende steinen, som også har nydelig utsikt mot Valldalen og fjella rundt. Her nyt vi ein god lunsj, før vi fortsetter på rundturen, med fleire utsiktspunkt utover Tafjorden, Norddalsfjorden, og fjella ikring.

Dette er ein perfekt tur om du ynskjer ein tur i lett terreng som ikke er for lang, men som gir mykje igjen. Passar fint for familier med barn i forskjelleg alder!

  • Høgde over havet: 571 meter
  • Stigning: 250 høgdemeter
  • Avstand: 3,5 kilometer
  • Vanskegrad: Lett

Ta med

Lette turkler etter vêret, vass- eller vindtett jakke og fjellsko. Fleece eller ull-genser, lue og hanskar om det er kaldt. Sekk – 10-20L. Ei flaske vatn og litt ekstra energi er å anbefale.
Fotokamera.

Inkludert

Lokalkjent guide. Lunsj bestående av lokale delikatesser. Førstehjelp- og sikkerhetsutstyr.